Link tab title



Morgedal


Den moderne skisportens vogge


Jazz-elskarar stimar mot New Orleans, Elvis-fans samlar seg i Memphis, ski-entusiastar kjem i flokk til den vesle fjellbygda Morgedal. Kva har dei til felles? Dei jaktar på det originale…

Nordmenn har nytta ski som framkomstmiddel i over 4000 år. Utforkøyring som vi kjenner det i dag, blei meir enn noko anna utvikla av ein fattig gardsarbeidar – Sondre Norheim – på 1800-talet.

Kven var han – denne karismatiske personen som endra utforminga av skiene og gav oss verdas første ski med innsving og full hælbinding? Kvar budde han, og kva var det med terrenget han voks opp i som inspirerte han til å utvikle ski og skiteknikkar berre for å kunne nyte gleda av full fart utfor bakkane?

Svara ventar på deg i Morgedal, denne magiske vesle bygda som gav verda den moderne skisporten.

Kanskje er det på tide å leggje ut på ei ski-pilgrimsferd til Morgedal. Her finn du ikkje prangande skiheisanlegg, moteriktige in-stader eller designer skiutstyr – berre verdas første slalåmløyper, framleis i original profil, og ein dal der folk alltid har kjent skiløypar-gleda.

Morgedal – på tide å gjera alvor av det!

Aktuelt

5 april 2013

Ute i verda er programmet kjent som "New Scandinavian Cooking", og i Noreg blir det sendt av TV2 i programmet «Ein bit av Noreg».

Museum, butikk og Innsvingen Kafé har ope alle dagar, heile veka. Treng du mat til eit selskap, eller du har behov for eit lokale til kurs eller ei samling, kan me hjelpe deg.

Morgedalsleikane 2013 vart som vanleg arrangert fyrste helga i mars. Laurdag 2. mars var det klassisk telemarkrenn og telecross på Øverbø/Kleiv. Sundag 3. mars var det felles topptur til Hovundvarden.

Opningstider Norsk Skieventyr og Innsvingen Kafé